
Vi har blitt digitale! Besøk gjerne Facebook-sida vår:
Facebookside for Sunnmøre RG
Om oss:
Sunnmøre RG er ei av tre ringmerkingsgrupper i Møre og Romsdal. Dei to andre er Trollheimen RG og Nordmøre & Romsdal RG. Gruppa er eit resultat av den omorganiseringa av ringmerkinsarbeidet i Noreg som fant stad på slutten av 1980- og 1990-talet. Ein konsentrasjon av merkarar på Hareid førte til at Hareid RG vart etablert. Noko seinare vart alle merkarane på Sunnmøre inkludert, og namnet vart då endra til Sunnmøre RG. Alle er tilknytte OUM (Ornitologiske Undersøkingar, Møre & Romsdal).
Ved utgangen av 2023 var det ringmerkt om lag 914.000 fugl fordelt på 216 artar av gruppa.
Sunnmøre RG prioriterer artar det er ringmerkt lite av, eller som har få gjenfunn. Eksempel på prosjektartar er: smålom, storlom, siland, småvadarar, teist, skjærpiplerke, sidensvans, blåstrupe, ringtrast og gulsongar.
Vi held også på med fleire fargemerkingsprosjekt. Dette finn du meir informasjon om under fana «Fargemerkingsprosjekta». Dersom du har avlese ein fargemerkt fugl, kan du ta kontakt med Stavanger Museum via birdringing@museumstavanger.no eller ved å ta kontakt med medlemmar i gruppa.
Ved spørsmål om ringmerking, eller nettsida ta kontakt med:
Gruppeleiar: Lars Petter Folkestad
E-post: LarsPFolk@gmail.com
Telefon: 952 53 538
Nestleiar: Stian Moldskred
E-post: StianMoldskred@gmail.com
Telefon: 470 29 354
Ansvarleg heimeside: Eirik Stubberud Folkestad
E-post: Eirik.S.Folkestad@gmail.com
Telefon: 941 74 328