Fargemerkingsprosjekta

 

Her vert det gitt ein oversikt over dei ulike fargemerkingsprosjekta som Sunnmøre RG har teke initiativet til, og som for det meste vert organisert av gruppe. For nokre få artar har det likevel vorte inkludert andre stasjonar også (Revtangen og Jomfruland).

Denne sida vert oppdatert neste gong i januar 2015. For nyare funn viser vi til gjenfunnsoversikta for 2014.

Sandlo: Prosjektet starta i 2010 på Giske OS. På venstre tars metallring, og venstre tibia raud markørring. På høgre tibia gult flagg med tre svarte bokstavar. Ved utgangen av 2013 var det sett flagg på 920 fuglar. Av desse er hittil 49 fullstendig avlesne, og dei fleste også fotodokumenterte.

Fordelinga er som følgjer: Skottland 2, England 14 (i tillegg til fem ikkje individbestemte), Wales 1, Irland 4, Danmark 1, Tyskland 2, Nederland 4 (i tillegg til to ikkje individbestemte), Frankrike 11 (i tillegg til ein ikkje identifisert), Spania 3 (i tillegg til en ubestemt), Portugal 1 og Mauritania 1. I Norge er 2 avlesne i Rogaland, og 1 i henholdsvis Finnmark, Sør-Trøndelag og Telemark. 1 ikkje identifisert er sett i Troms.

Fargemerket sandlo

Tundralo: Prosjektet starta i 2013 på Giske OS. På venstre tars metallring, og raud markørring på venstre tibia. På høgre tibia gult flagg med tre svarte bokstavar. Det vart sett flagg på 7 fuglar, og ingen av desse er sett til no.

Fargemerket tundralo

Dvergsnipe: Prosjektet starta i 2012 på Giske OS. På venstre tars raud over metallring. Høgre tars gul fargering med tre svarte bokstavar. Ved utgangen av 2013 var 152 fuglar fargemerkte. Fordelinga av funn av desse er som følgjer: Skottland 1 (i tillegg til 1 uidentifisert), England 5 (i tillegg til 5 uidentifiserte), Sverige 1, Danmark 1, Tyskland 1, Nederland 3, Frankrike 2, Spania 5 (i tillegg til 1 uidentifisert), Portugal 1, og Italia 1.

Fargemerket dvergsnipe

Tundrasnipe: Prosjektet starta i 2013 på Giske OS. På venstre tars metallring, og raud markørring på venstre tibia. På høgre tibia gult flagg med tre svarte bokstavar. 40 fuglar vart flaggmerkte, og den fyrste vart sett 16 timar seinare på Herdla. På Revtangen blei ein sett tre dagar etter merking, og denne vart teken av ein falk nokre dagar seinare i Nederland. Frå England er 2 fuglar observert, og i tillegg ein uidentifisert. Ein fugl vart observert i Mauritania den 29.januar 2014.

Fargemerket tundrasnipe

Storspove: Prosjektet starta i 2011. Her er det ungar som blir merka, med metallring på venstre tars, oransje markørring på venstre tibia. På høgre tibia oransje fargering med tre svarte bokstavar. Ved utgangen av 2013 var det fargemerkt 62 ungar. Av desse har ein blitt observert i Skottland.

Fargemerket storspove

Raudstilk: Prosjektet starta i 2011. På venstre tars metallring, og venstre tibia gul markørring. Høgre tibia oransje flagg med tre svarte bokstavar. Ved utgangen av 2013 var 125 fuglar flaggmerkte. Av desse har 2 blitt avlest i Tyskland, 2 i Nederland, og 2 i Spania.

Fargemerket rødstilk

Strandsnipe: På venstre tars metallring, og venstre tibia raud markørring. På høgre tibia gult flagg med tre svarte bokstavar. Ved utgangen av 2013 var det sett flagg på 66 fuglar.

Funna av desse fordeler seg slik: England 1, Tyskland 1, Belgia 1 (i tillegg ein uidentifisert), Frankrike 2. Ein fugl vart sett på vårtrekket ved Göteborg i Sverige i 2011. Same fuglen vart sett i Guinea 27.januar 2014.

Fargemerket strandsnipe

Skjærpiplerke: Prosjektet starta i 2011 på Giske OS. På venstre tars metallring, og på høgre tars gul ring med tre svarte bokstavar. Ved utgangen av 2013 er 903 fuglar fargemerkte. Fordelinga av funn er som følgjer: Skottland 2, England 6, Sverige 4, Tyskland 2 (i tillegg 1 uidentifisert), Nederland 1, og Frankrike 1 uidentifiserbart. Frå Noreg 1 fra henholdsvis Rogaland, Vest-Agder og Telemark.

Fargemerket skjærpiplerke

Linerle: Prosjektet starta i 2013. På venstre tars metallring, og på høgre tars gul ring med tre svarte bokstavar. Det har vorte fargemerka over 300 fuglar, men til no ingen funn.

Fargemerket linerle

Sidensvans: Prosjektet vart starte seinhaustes 2012. På venstre tars er det metallring, og på høgre tars gul fargering med tre svarte bokstavar. 2144 fuglar har fått fargering, og av disse er ein ikkje identifiserbar sett i Skottland i januar 2014. På vårparten i 2013 vart det sett 6 ulike individer i Frei (Møre og Romsdal). Ein har blitt sett i Hamar, og ein i Bergen.

Fargemerket sidensvans

Grashoppesongar: I høve populasjonsstudiar av denne arten i Sande kommune, vert det fargemerka med metallring på venstre tars, og gul fargering med tre bokstavar på høgre tars.

Sunnmøre RG tek også del i fargemerkingsprosjekt som er organisert av andre. Dette er havørn, storjo, ulike Larus-artar og krykkje på fastlandsnoreg, og fjøreplytt, myrsnipe, sandlo og polarsvømmesnipe på Svalbard.

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s