Giske OS

Historikk

Allereie i 1958 tok Per Steinar Myklebust til orde for at det burde opprettast ein ornitologisk stasjon på kysten av Sunnmøre. Det skulle gå nærmare 15 år før dette vart ein realitet. I løpet av 1960-åra oppdaga ornitologane på Sunnmøre at det faktisk fanst mykje fugl andre stadar enn på Runde. Vanskelige kommunikasjonar gjorde at det var ikkje så enkelt i dei dagar å reise rundt. Det var få ferjeavgangar, og bil var ikkje allemannseige. Likevel, Vigra peikte seg snart ut, og det blei arbeidt med å opprette ein stasjon der. Det blei fanga ein del fugl på Vigra, spesielt i Rørvikvågen. I ettertid ser ein at Rørvikvågen sin styrke var bekkasinar. Det vidstrakte fjøreområdet der gjorde at vadarane gjekk svært spreidt, så småvadarfangsten var ofte liten. Det var heilt i førstninga av denne epoken at det tilfeldigvis blei oppdaga at vadarane var aktive ved fjøre sjø om natta også. Kjell Soot Mork og Alv Ottar Folkestad overnatta i eit telt og hadde oppe nett i fjøra. For sikkerheits skuld blei netta kontrollerte om natta også, og til deira forundring fekk dei, etter dei dagars målestokk, ein heil del sandlo og myrsniper. Dette viste tydelig at vadarane var aktive om natta ved fjøre sjø, og etter dette er nettfangst om natta blitt vanleg.

Ein mørk haustkveld i 1970, då fangsten i Rørvikvågen var svært dårleg, tok Alv Ottar Folkestad og Odd Einar Fjørtoft ferja frå Vigra til Giske. Dei hamna ute i Makkevika, og då var det gjort. I mørket såg dei ikkje så mykje, men dei høyrde at det var store mengder fugl der. Det var ikke lenger spørsmål om kvar beste fangstlokaliteten var. Karane tok første ferje tilbake til Vigra og henta utstyret. Sidan då er det i Makkevika vadarfangsten har føregått.

Første åra var det å bu i telt der ute. Seinhaustes 1972 vart det kjøpt inn ei Moelvenbrakke til stasjonsbygning i Makkevika. Ho stod på ulike stadar og gjorde absolutt si nytte, heilt til ho blei riven seint på året i 2001 og send på fyllinga. Siste året var brakke heller sjabby, der vinden bles tvers igjennom. Ein av ringmerkarane våre, som overnatta der, vakna av at ei mus sprang over ansiktet hans. Om morgonen oppdaga han at mysene hadde forsynt seg av nista hans som låg i ryggsekken på golvet.

Det var Ornitologisk Stasjon Vigra som dreiv stasjonen i Makkevika frå 1970 til 1983 (under namnet OUM – Ornitologiske Undersøkingar i Møre og Romsdal frå 1981). Av ulike grunnar blei det ikkje drive ringmerking der i dei neste fem åra på grunn av manglande ringmerkarar som kunne vere der.

Først i 1989 kom fangsten av vadefuglar igang igjen, og då i regi av Sunnmøre RG, tidlegare Hareid RG. Dette året slo ringmerkarane frå Hareid RG seg saman med ringmerkarane frå OUM, og Sunnmøre RG vart danna.

Den nye stasjonsbygninga

Foto: Jostein Fagerhol

Foto: Jostein Fagerhol

Det vart søkt om pengar til ein ny stasjonsbygning frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Dersom bygget blei bygd som ein open gapahuk i gammal stil, så ville Fylkesmannen gi eit tilskot på 50 000 kroner. Kultursjefen i Giske kommune Leslie Bjørklund, teikna bygget som var 9 meter langt og 5 meter breidt.

15.november 2001 byrja vi arbeidet i løa til Leslie (på Roald, Vigra). Denne dagen kom lastebilen med alt tømmeret som var tinga. Det var ein stor fordel å kunne gjere alt det førebuande arbeidet inne, for ute var det til tider både storm, snø og regn. Reisverket vart klargjort inne under oppsyn av ein av merkarane våre, Petter B. Folkestad, som var snekkar. I tillegg tok også fire andre ringmerkarar del: Lars Petter Folkestad, Torbjørn Hasund, Stian Moldskred og Kjell Soot Mork. Først tappa dei hol i rundtømmeret med hammar og hoggjern, og skar også ut spor for kraftige reimar i toppen og nede ved golvet. Heile reisverket vart sett opp inne, og fjøler til veggar vart også saga opp inne. Deretter vart alt teke ned igjen for å kunne verte køyrd til Giske når tomta var klar.

Tomta vart utgreven for hald for å rote minst mogeleg. Grunneigaren, Ketil Giske, var til god hjelp. Første dagen måtte det måkast snø før gravinga kunne byrja. Det tok fleire dagar for å grave ut dei 16 hola til stenderane, og planere ut tomta elles. Den 19.februar kunne det fyllast betong i hola for å feste jernet som stenderane skulle festast til. To dagar seinare kom materialen på plass, og etter kvart kunne byggjearbeidet ta til. No fekk ein også hjelp av andre ringmerkarar; Stein Inge Refvik, Karl Johan Grimstad, Vidar Kalland, Tore Chr. Michaelsen og Sveinung Remøy. Stasjonsbygninga vart impregnert med tretjøre. Ein meir komfortabel ringmerkingsepoke kunne no ta til på Giske.

 

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s