Dagmar

Giske OS øydelagd av orkanen Dagmar

Då stasjonsbygninga stod ferdig var vi overtydde om at dette bygget var eit av dei siste som kom til å verta øydelagd av sterk vind, solid som det var (grindbygning etter gammal byggemetode). Om kvelden første juledag 2011 herja Dagmar langs kysten, med orkan styrke, i tillegg til springflo på grunn av fullmånen. For stasjonsbygget vart dette katastrofalt, og det var kun ytterveggane og taket som var intakte då dama drog sin veg.

Foto: Lars Petter Folkestad

Foto: Lars Petter Folkestad

Giske Ornitologiske Stasjon 26.desember 2011. Dagmar har gjort frå seg, og mykje er forandra. Langt oppe på grasenga ligg eit belte av tang, tare og drivgods. Opp dit gjekk sjøen. Den tidlegare så frodige vegetasjonen rundt stasjonsbygninga er overdekt av oppskylt stein, og på enga mot sjøkanten ligg det og eit belte av oppskylt stein.

Foto: Lars Petter Folkestad

Foto: Lars Petter Folkestad

Nærbilete av Giske OS 26.desember 2011. Tang, tare og drivgods dekker grasenga rundt bygninga. I bakgrunnen store mengder med oppskylt stein.

 

Foto: Lars Petter Folkestad

Foto: Lars Petter Folkestad

Giske OS sett frå sjøsida. Den frodige vegatasjonen er heilt dekt av oppskylt stein, tang, tare og drivgods.

Foto: Lars Petter Folkestad

Foto: Lars Petter Folkestad

Inne i gapahuken, der vi lagrar rusene og anna utstyr, er den store benken til venstre kolva, alt ligg hulter til bulter, og mykje tang og tare har funne vegen inn.

Foto: Lars Petter Folkestad

Foto: Lars Petter Folkestad

Berre luftingsrøret til septikktangen heng att. Holet for tanken er fylt med stein som sjøen kom med, og septikktanken blei funnen igjen fleire 100 meter unna. Øya til høgre i bakgrunnen er Runde.

Foto: Lars Petter Folkestad

Foto: Lars Petter Folkestad

Septiktanken er lagra inne i gapahuken til vi får tid til å grave han ned att.

Foto: Lars Petter Folkestad

Foto: Lars Petter Folkestad

Vi har investert i eit brannskap der vi lagrar bøkene med ringmerkingsopplysningar medan ringmerking pågår. Det verste som kan skje, er om bøkene brenn opp. Heldigvis var dei tekne ut for vinteren. Brannskapet blei øydelagt av sjøvatnet. Ei digital vekt og boka for dagleg logg frå 1995-2011 låg i skapet då Dagmar kom strøymande. Loggboka ble tørka forsiktig opp, så nesten alle data er intakte. Alt som var i den opne skuffa til venstre for brannskapet vart øydelagt/vasskada. Legg merke til alt slammet som har følgt med sjøvatnet. Golv, veggar, møblar osv var dekt med dette.

Foto: Lars Petter Folkestad

Foto: Lars Petter Folkestad

Fram og tilbake er like langt. Ti år etter at Petter B. Folkestad (biletet) og andre i dugnadsgjengen spikra opp veggane, er det å rive dei ned igjen. Legg merke til loggboka vår frå 1995-2011 som heng til tørk på ei leidning i taket.

Foto: Lars Petter Folkestad

Foto: Lars Petter Folkestad

Golvet vart rive opp ganske raskt etter flaumen. Isolasjonen der var fullstendig gjennomvåt og øydelagd, som i nedste del av veggane. I fleire veker blei byggtørker drivne av eit aggregat, for å tørke opp bygget. Vi har ikkje innlagt elektrisitet, berre solcellepanel.

Foto: Lars Petter Folkestad

Foto: Lars Petter Folkestad

Vår siste store investering, nokre få månader før flaumen, var eit skikkeleg vassklosett (JETS) som berre brukar ein halv liter pr. nedskylling. Vi har ikke innlagt vatn, så den velta vasstanken for klosettet ligg ved sida av. Eit genialt system, som dessverre blei øydelagt av sjøvatnet som stod over setet. Legg elles merke til alt slammet, spesielt på golvet, som har kome med sjøen.

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s