Leukistisk sandlo

Leukistisk sandlo i Makkevika, Giske

Kjell Mork Soot

Den 09.august 2011 var Petter B. Folkestad på veg til stasjonsbygninga til Giske OS i Makkevika. Ute på mudderfatene såg han ein småvadarflokk på rundt 100 fuglar. Midt blant desse gjekk der ein svært kvit vadar som verkeleg skilde seg ut frå dei andre. Han lyste opp, var nærmast det vi kallar for eit blikkfang. Petter stussa, og skunda seg tilbake til bilen for å hente kikkerten som sjølvsagt låg der når han for ein gongs skuld verkeleg trongst. Men det var for seint, fuglen var flogen då kikkerten var i hende. Det var mest naturleg å tenke seg at det var ei myrsnipe, for det var den arten som dominerte i vika. Men fuglen var ikkje å sjå meir.

Ved fjøre sjø dagen etter, ut på formiddagen, opna Petter opp netta for å fange småvadarar i vika. Vadarfangsten var treg. Kl 11 hang der ei ung sandlo, men det var lite å få elles. Men etter to timar skjedde det: ei kvit sandlo hang plutselig i nettet. Ho var ikkje sett der tidlegare på dagen. Det måtte vere same fuglen som han hadde sett der dagen før. Fuglen var ikkje albino, men leukistisk, DVs at fuglen ikkje hadde raude auge, og var heller ikkje drivande kvit over alt. Enkelte felt i brystet var mørkare brune. Fargen på nebbet og føtene viste tydeleg at det var ein gamal fugl. Petter la elles merke til at fjørene verka stivare/hardare enn hos andre sandlo. Fuglen verka ikkje så mjuk å ta i som andre. Elles viser dette tilfellet at enkelte fuglar kan klare seg bra, sjølv om det vert sagt at albino/kvite fuglar er meir utsette for predasjon, fordi dei er lettare å oppdage.

Foto: Petter B. Folkestad

Foto: Petter B. Folkestad

Sunnmøre RG starta i 2010 med flaggmerking av mellom anna sandlo på Giske OS. Dette har gitt gode resultater så langt. Denne spesielle fuglen blei sjølvsagt behørig flaggmerka med gult flagg med bokstavkombinasjonen AYE på høgre tibia. På venstre tibia fekk han raud markørring, og metallring på venstre tarsus.

Det gjekk berre 11 dagar etter merking før sandloa vart sett og fotografert på øya Helgoland utanfor nordkysten av Tyskland, 931 km sør for Giske. Fire dagar etter, 25.august, vart han først sett og fotografert i reservatet Edderthorpe, nær Barnsley i England, 670 km vest for Helgoland. Same dag vart fuglen sett og fotografert nær Moira i Leichestershire, 91 km lenger sør. Etter dette har ikkje fuglen blitt observert.

Kart laga av Ingar Støyle Bringsvor

Kart laga av Ingar Støyle Bringsvor

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s